Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon: Samferdselsministeren møter næringslivet og organisasjonar – kva bør prioriterast i neste NTP?

Torsdag 10. september møter samferdselsminister Knut Arild Hareide næringslivs- og interesseorganisasjonar for å få innspel om kva som bør prioriterast i neste Nasjonal transportplan.

Møtet finn stad på Oslo Kongressenter på Youngstorget torsdag 10. september 2020 frå kl. 10.00 til kl. 15.00.

Møtet er ope for media, men av omsyn til smittevern er talet på deltakarar frå media avgrensa – det er derfor krav om bekrefta påmelding: Vi ber om at media melder sin interesse innan onsdag 9. september kl. 11.00 til [email protected] - merk eposten "Påmelding".

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Tor Livius Midtbø: 90 60 69 19

Du kan følgje møtet på nett-tv på våre nettsider 10. september frå kl. 10.00 og seinare i opptak: regjeringen.no/id2740317/