Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Samferdselsministeren presenterer ny prosess og organisering av arbeidet med ny Nasjonal transportplan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Stortingsmeldinga om NTP 2022-2033 vert lagt fram i 2021. Arbeidet med meldinga er i gang, og er organisert på ein ny måte.

I eit møte med Sametinget, KS, fylkeskommunane og dei største bykommunane presenterer samferdselsminister Jon Georg Dale den nye organiseringa og grunngivinga for endringa.

  • Tid: fredag 8. mars 2019 kl. 12.30
  • Stad: Samferdselsdepartementet, R5, Akersgata 59

Pressa er velkommen til å vere til stades under statsrådens presentasjon. Vi ber om oppmøte og registrering i resepsjonen seinast 12.15. Du må ta med gyldig legitimasjon.

Du kan også følgje presentasjonen på nett: http://regjeringa.no/ntp8319

Pressekontakt for møtet er senior kommunikasjonsrådgjevar Edvard Andersen, sdinfo@sd.dep.no, tlf. 905 11 667.

Meir om arbeidet med NTP 2022-2033