Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Sogndal og Jølster måndag 25. februar

Samferdselsminister Jon Georg Dale besøker Sogn og Fjordane måndag 25. februar. Statsråden skal på synfaring og får orientering om vegprosjekt i Sogndal og Jølster. Han skal også møte næringsliv og andre aktørar.

På turen vert det mellom anna eit møte i Sogndal med kommunen og lokalt næringsliv, orientering om rassikringsprosjekt, møte på Skei med næringsliv og andre aktørar og synfaring på E39 Bjørset-Skei.

Journalistar er velkomne til å vere med på møta og synfaringane.

Program (med atterhald om endringar)

  • 09.45: Møte om Rv5 med kommune og næringsliv, kommunehuset i Sogndal
  • 11.50: Orientering om Rv5 Kjøsnesfjorden, Pevika
  • 13.00: Møte om E39 med ulike aktørar, Thon Hotel Jølster, Skei
  • 15.15: Synfaring E39 Bjørset-Skei, Helgheim (merk at talet på deltakarar er avgrensa)

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Tor Livius Midtbø: 90 60 69 19 / tmi@sd.dep.no

Til toppen