Presseinvitasjon: Utanriksministeren, finansministeren og næringsministeren til OECD-møte i Paris

Ministrane skal onsdag 30. mai og torsdag 31. mai diskutere korleis ein kan få betre resultat ut av internasjonalt samarbeid. Pressa er velkommen til å delta på delar av programmet.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide, finansminister Siv Jensen og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen har takka ja til invitasjonen frå president Emmanuel Macron og generalsekretær i OECD, Angel Gurria. Møte blir leda av Frankrike. Både president Emmanuel Macron og statsminister Édouard Philippe deltek.

Program (open for presse):

Onsdag 30. mai

Kl 14:00 – Frankrikes statsminister opnar møtet

Kl 14:30 – Leiarpanelet diskuterer status og utsikter for internasjonalt samarbeid

Torsdag 31. mai

Kl 17:30 – Frankrikes president summerer opp møta

*Utanriksministeren skal i tillegg delta på eit uformelt ministermøte om WTO.

*Ta kontakt med pressekontakt for utfyllande program.

 

  • Pressekontakt for utanriksminister Ine Eriksen Søreide: Kommunikasjonsrådgivar Guri Solberg, Guri.Solberg@mfa.no, mobil +47 922 19 769.  
  • Pressekontakt for finansminister Siv Jensen: Kommunikasjonsrådgivar Kristina Storeng, ksto@fin.dep.no, mobil +47 959 31 004.
  • Pressekontakt for næringsminister Torbjørn Røe Isaksen: Kommunikasjonsrådgivar Christine Spersrud Haug, csh@nfd.dep.no, mobil: +47 975 26 759.

Meir informasjon om pressedeltake finn dykk her: http://www.oecd.org/mcm/mediaroom/media-facilities-photos.htm

Presseakkreditering finn dykk her: http://www.oecd.org/forum/registration/

 

 

Til toppen