Presseinvitasjon: Utgreiing om ny advokatlov

Advokatlovutvalet, leia av høgsterettsdommar Bergljot Webster, overleverer i morgon, torsdag 19. mars, utgreiinga si NOU 2015: 3 Advokaten i samfunnet – Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand, til Justis- og beredskapsdepartementet.

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) mottek utgreiinga på vegner av regjeringa.

Advokatlovutvalet blei valt 11. januar 2013. Det fekk i mandat å gjere ein brei gjennomgang av regelverket for advokatar og andre som yter rettsleg hjelp.

Tid: Tors 19. mars kl. 10.00

Stad: Gullhaug Torg 4a

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Andreas Bondevik, 40 23 24 54