Presseinvitasjon: Utvalet "Rasisme i idretten" overleverer sine råd til kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja

Utvalsleiar Marco Elsafadi og representantane Ezinne Okparaebo og Yngvar Andersen overleverer sine tilrådingar til kultur- og likestillingsministeren og til idrettspresident Berit Kjøll.

Kvar: Bislett stadion, inngang 2, Martinus Lørdahls plass
Når: Måndag 7. september kl. 13.15. Oppmøte kl. 13.05.
Påmelding: Innan måndag 7. september kl. 10.00 til kudinfo@kud.dep.no

Utvalet blei sett ned og fekk oppdraget i samband med eit møte statsråden hadde med idretten i juni.

Etter ei overlevering blir det individuelle intervju med utvalet, Raja og Kjøll.

Vi ber presse som melder seg på arrangementet om å ta omsyn til smittevern og halde avstand til kvarandre og intervjuobjekta.