Presseinvitasjon

Stort ministeroppmøte på EU-konferanse

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Statsminister Erna Solberg, EØS/EU-minister Vidar Helgesen, samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet Paul Chaffey held innlegg på konferansen EUIKT15 tysdag 26. mai. Tema er det norske arbeidet med EU-strategien for ein digital indre marknad.

EU er den viktigaste handels- og samarbeidspartnaren for Noreg, og dei tiltaka som dei set i verk vil påverke oss på områder som opphavsrett, personvern, elektronisk kommunikasjon og vilkår for næringslivet.

Konferansen finn sted på Radisson Blu Scandinavia Hotel, Holbergsgate 30, Oslo.

Program

Pressekontaktar:

  • Helene Mo, Kommunal- og moderniseringsdepartementet 93 43 44 89
  • Frøydis Tornøe, Samferdselsdepartementet 970 97 855
  • Rune Bjåstad, Utanriksdepartementet 957 85 536