Priv. til red./presseinvitasjon:

Pressekonferanse – rapport om skatt og investeringar i næringslivet

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

17. august vil Leo A. Grünfeld frå Menon overrekkje ein rapport om forhold mellom skatt og investeringar i næringslivet til finansminister Siv Jensen. Funna i rapporten vil bli presenterte, deretter vil det bli høve for spørsmål og intervjuar.

Stad: Akersgt. 40 (Finansdepartementet), Oslo
Tid: Måndag 17.august kl.09.00-10.00

Dokumenta er tilgjengelege på regjeringa.no frå kl. 09.00.

Av omsyn til tryggleiken er det nødvendig med gyldig legitimasjon. Vi ber også om oppmøte i god tid og seinast kl. 08.45.

Nett-tv Pressekonferanse – rapport om skatt og investeringar i næringslivet

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her