Pressekonferanse om kompetansereforma «Lære heile livet»

Statsminister Erna Solberg og forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim inviterer til pressekonferanse om kompetansereforma «Lære heile livet» onsdag 22. april kl. 12.00. Følg pressekonferansen her.

Nett-tv Pressekonferanse om kompetansereforma «Lære heile livet»

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Pressekonferansen går føre seg på Statsministerens kontor i Glacisgata 1. 

Oppmøte for pressefolk seinast kl. 11.45. Ta med gyldig pressekort og id. Informasjon om påmelding finn du lenger nede i teksten.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no

Pressekontakt for forskings- og høgare utdanningsministeren er fagdirektør Åsmund Eide, telefon 400 36 841, e-post asmund.eide@kd.dep.no.

Påmelding til pressekonferansen skjer til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 22. april kl. 09.00. Me ber om at kvart mediehus avgrensar oppmøte av journalistar og fotografar til maks to per redaksjon.

Presse som ikkje har anledning til å vere til stades kan sende inn spørsmål til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK1200 i emnefeltet. Avsendaradressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at alle får svar på spørsmåla sine.

Pressekonferansane vert filma av Departementas sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. Kontakt DSS på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no. Bilete frå pressekonferansen vert delt av Statsministerens kontor på Flickr.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Fleire omfattande tiltak er innført for å hindre spreiing av korona-viruset i befolkninga. Departementa og SMK har innført avgrensingar for nærvær i sine lokale for å hindre spreiing av viruset blant besøkjande og tilsette. Me legg til grunn at frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine tilrådingar for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.