Pressekonferanse om opptaket til høgare utdanning

Fredag 23. juli presenterer statsråd for forsking og høgare utdanning Henrik Asheim opptaket til høgare utdanning saman med Samordna opptak på OsloMet.

Nett-tv Pressekonferanse om opptaket til høgare utdanning

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

I år var det rekordmange søkjarar til universitet og høgskular. Kor mange av dei kom inn på draumestudiet? Kva utdanning vil flest inn på, kor har det auka mest, og kva studium har høgast poengkrav for å komme inn? Korleis har pandemien påverka studievala til studentane?

Pressa er velkommen til ein presentasjon av nasjonale tal for opptak og fordeling av studieplassar. Fleire utdanningsinstitusjonar vil kommentere tala, og det vil vere studentar frå aktuelle utdanningar til stades.

  • Tid: Fredag 23. juli kl.10.00 – 11.30.
  • Stad: OsloMet, Pilestredet 52, Oslo.

Program

Kl.10.00 – 10.30

  • Samordna opptak i Unit, ved direktør for utdanningstenester, Terje Mørland, presenterer tala
  • Statsråd Henrik Asheim kommenterer tala

Korte kommentarar frå:

  • OsloMet ved prorektor for utdanning Nina Waaler
  • Nord Universitet ved rektor Hanne Solheim Hansen
  • Høgskulen i Innlandet ved rektor Peer Jacob Svenkerud
  • Universitetet i Stavanger ved prorektor Astrid Birgitte Eggen

Kl.10.35 – 11.30.

Høve til å intervjue statsråden, rektorar/prorektorar og nye studentar.

Pressekonferansen vert strøymd på regjeringen.no

Påmelding: For å lette smittesporinga, ber vi alle journalistar og fotografar om å melde seg på på førehand, til johanne.severinsen@kd.dep.no 

Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgivar Johanne Severinsen, johanne.severinsen@kd.dep.no. 91 11 48 68