Pressekonferanse om TIMSS 2019

Korleis gjer norske elevar det i matematikk og naturfag samanlikna med elevar frå andre land? Tysdag 8. desember blir resultata frå den internasjonale undersøkinga TIMSS 2019 offentleggjort.

Nett-tv Pressekonferanse om TIMSS 2019

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V), direktør i Utdanningsdirektoratet Hege Nilssen og UiO-forskar Hege Kaarstein vil vere til stades.


Tid: Tysdag 8. desember kl. 10.00 – 11.00.

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, OSLO

Pressekonferansen blir strøymd på www.regjeringen.no/kd

Journalister som vil kome, må melde seg på i løpet av måndag 7. desember.

Kontakt:

Kommunikasjonsrådgivar Hong Pham, hong.pham@kd.dep.no eller telefon 911 35 990.

Kva er TIMSS?

TIMSS (Trends in International Mathematics and Science Study) måler kompetansen til elevane i matematikk og naturfag på 5 og 9. trinn. I Noreg deltok 150 skolar med barnetrinn og 157 skolar med ungdomstrinn i undersøkinga (se meir fakta under).

Program:

Direktør i Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen, seier kort kva TIMSS er.

Forskar Hege Kaarstein frå Universitetet i Oslo legg fram TIMSS.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby kommenterer resultata.

10.30-10.45: Separate intervju med forskaren og kunnskapsministeren.

Fakta om TIMSS

  • TIMSS (Trends in International Mathematics and Science Study) er ei
    internasjonal undersøking som måler kompetansen til elevane i
    matematikk og naturfag. Målet med undersøkingane er betre læring og undervising i matematikk og naturfag.
  • Noreg deltok i 2019 med 3851 elevar på 5. og 4575 elevar på 9. trinn. På kvart trinn deltok om lag syv prosent av elevane.
  • Noreg er eit av64 land som var med i TIMSS 2019. Undersøkinga blei gjennomført våren 2019.
  • IEA (International Association for the Evaluation of Educational Achievement) står bak TIMSS.
  • TIMSS blir gjennomført kvart fjerde år. Noreg har vore med i 1995, 2003, 2007, 2011, 2015 og 2019.
  • Meir om TIMSS kan du lese her: udir.no/timss