Pressetreff 22. mars om billetteringsløysingar for kollektivtransporten i Bergen

Vi inviterer til pressetreff om samarbeidet mellom staten og Hordaland fylkeskommune for å leggje til rette for meir kundevennlege billetteringsløysingar for kollektivtransporten i sone Bergen.

Tidspunkt: Onsdag 22. mars kl. 17.00
Stad: Perrongen på Bergen stasjon

Statssekretær Tom-Christer Nilsen i Samferdselsdepartementet orienterer og svarar på spørsmål i lag med fungerande fylkesordførar Pål Kårbø i Hordaland fylkeskommune. Representantar frå NSB og Skyss vil òg vere til stades. 

Pressekontaktar: Statssekretær Tom Christer Nilsen, tlf.: 924 50 196 og fungerande fylkesordførar Pål Kårbø; tlf: 934 29063.

Velkommen!