Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Pris for banebrytande kornforedling

Forskar og kornforedlar Lars Reitan fekk Plantearvenprisen 2019 for arbeidet sitt med å utvikle meir robuste norske kornsortar, spesielt bygg. Plantearvenprisen blir delt ut av Norsk genressurssenter i NIBIO til personar, institusjonar eller organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for bevaring og bruk av genetisk plantemangfold – til nytte for norsk matproduksjon.

Juryen skriv om Lars Reitan at han har vore sentral: «i norsk og nordisk planteforedling siden 1980-tallet som foredler av banebrytende byggsorter og bruk av genetiske ressurser innen resistensforedling. Framgang i avling i nord forutsatte bedre og kortere strå, tidligere modning og bedre resistens.»

Med utgangspunkt i byggsortar som allereie var tilpassa forholda i Trøndelag, tilførte Reitan genetiske eigenskapar frå ulike kjelder for at kornet skulle bli betre eigna til å møte krevjande vervariasjonar.  Slik utvikla han nye sortar som har bidratt til vesentleg å auke norsk kornproduksjon gjennom ein unik kombinasjon av høg avling, tidleg modning, god klimatilpassing, betre stråstyrke og betre motstandskraft mot sjukdom.

Plantearvenprisen 2019 tildelt forskar og planteforedlar Lars Reitan.
Plantearvenprisen 2019 for landbruk vart tildelt forskar og planteforedlar Lars Reitan under Kornkonferansen 2020, tysdag 21. jnuar. Statssekretær Widar Skogan i Landbruks- og matdepartementet delte ut prisen. Foto: Kjersti Kildahl/NIBIO
Til toppen