Historisk arkiv

Prisane på landbruksvarer går opp på verdsmarknaden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Internasjonale prisar på fleire landbruksvarer, mellom anna meirivarer, egg og kveite, gjekk opp i september. Prisane på kjøt og mais endra seg derimot lite frå førre månad. Den samla prisindeksen frå FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO, gjekk opp med nesten tre prosent frå august. Det var fyrst og fremst meieri- og sukkerprisane som drog prisindeksen opp.

Hjå dei store kornprodusentane er kveiten no ferdig hausta, og 2016–2017 er venta å gje rekordstore avlingar for verda totalt. I Europa har derimot produksjonen gått ned frå i fjor, samstundes som fleire land slit med dårleg kvalitet på matkveiten. Det bidrog til at prisindeksen for kveite hjå det internasjonale kornrådet, IGC, òg gjekk litt opp frå september til oktober. Maisprisane har på si side heldt seg stabile den siste månaden. I USA haustar bøndene no inn maisen, og ein ventar den største globale produksjonen nokon sinne. 

Smør og melk.
Internasjonale prisar på meirivarer gjekk opp i september. Foto: Colourbox