Prisane på matråvarer på verdsmarknaden går ned

Prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) fall med 3,7 prosent i februar. Prisen fall kraftig innanfor fleire råvaregrupper, og svinekjøt peika seg nok ein gong ut med eit prisfall på heile 15,3 prosent.

IMF sin matprisindeks består av eit vekta gjennomsnitt av prisutviklinga for varegruppene kornvarer, sukker, vegetabilske oljer/protein, kjøt, sjømat, appelsinar og bananar.

Dei siste 12 månadane har prisane på matråvarer på verdsmarknaden gått ned med 16,1 prosent ifølgje IMF. Med unntak av bananar, har alle råvaregrupper opplevd prisfall.