Historisk arkiv

Prisauke på proteinråvarer til kraftfôr

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruksdirektoratet har sett nye tollsatsar på proteinråvarer til kraftfôr for februar. Svekka dollar gjer at etterspurnaden etter mange proteinråvarer aukar. Kornmarknaden er relativt roleg, men dårleg vêr under såing i Argentina drar opp prisen på mais.

Dollaren har svekka seg kraftig den siste tida og bidreg til høgare etterspurnad etter proteinråvarer som omsetjast i dollar. Dette gjev igjen prisauke på desse varene. Prisen på soyamjøl auka med om lag ti prosent den siste månaden, men den svake dollaren bidreg til at prisauken ikkje blir like stor målt i norske kroner. Prisen på solsikkemjøl auka med fire prosent, men målt i norske kroner går prisen ned.

Roleg kornmarknad

Kornmarknaden er relativt roleg om dagen. IGC rapporterer om god tilgang og sterk konkurranse i eksportmarknaden for kveite, og prisane gjekk svakt ned i januar. Samstundes gjekk dei internasjonale prisane på mais opp, på grunn av logistikkproblem i USA og dårleg vêr i Argentina. Argentina er nyleg ferdig med å så mais for denne sesongen, men tørt og varmt vêr gjer at ein ventar store avlingstap i landet.