Historisk arkiv

Prisnedgang i november

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Administrasjonsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Administrasjonsdepartementet


Nr. 33/95

Dato: 11.12.95

Prisnedgang i november

Konsumprisindeksen til Statistisk sentralbyrå viser at prisane gjekk ned med 0,1 prosent frå oktober til november. Prisstiginga over dei siste tolv månader, frå november 1994 til november 1995, er 2,1 prosent. I oktober var prisstiginga over siste tolv månader 2,3 prosent.

Administrasjonsminister Nils Totland påpeiker at prisindeksen for november viser ei utvikling heilt i takt med prognosane som Regjeringa har lagt til grunn i statsbudsjettet. I salderingsproposisjonen er prisstiginga frå 1994 til 1995 rekna til 2 1/2 prosent.

Administrasjonsministeren er spesielt godt nøgd med utviklinga i matvareprisane. Matvareprisane har hatt låg prisvekst i år og ligg under veksten i konsumprisindeksen. Det er spesielt matvarer som kjøt, mjølk, ost og egg som har hatt ein prisnedgang frå november 1994 til november 1995.

Frå oktober til november er det spesielt prisane på frukt, grønsaker og klede som gjekk ned, medan auka bensinprisar trekte i motsett retning.

Siste kjende prisstigingstakt over 12 månader hos våre handelspartnarar er 2,3 prosent (september 1994 - september 1995). I salderingsproposisjonen er prisstiginga frå 1994 til 1995 rekna til 2 1/2 prosent hos våre handelspartnarar.


Lagt inn 11 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen