Priv. til red.: Statssekretær Dale til Fatlaberget fredag

Bompengeprosjektet rv.55 Fatlaberget (Leikanger) er no nedbetalt, og fredag vert skilta tatt ned. Statssekretær i Samferdselsdepartementet Jon Georg Dale vil vere tilstades ved markeringa.

Bompengeprosjektet rv.55 Fatlaberget er no nedbetalt, og fredag 31. januar 2014 klokka 12.30 vert skilta tatt ned.

Statssekretær i Samferdselsdepartementet Jon Georg Dale vil vere tilstades ved markeringa.

Pressa er velkomne til å vere med.

Det vert parkering og oppmøte på Grauthaug klokka 12.30. Grauthaug er rasteplassen som ligg ved inngangen til 60-sona mot Leikanger. Dei som skal delta på markeringa vert frakta til Fatlatunnelen, der vi skal samlast på gang- og sykkelvegen på sjøsida av riksvegen.