Historisk arkiv

Priv. til red: Sundtoft til klimamøter i Europa i juli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft deltek på fleire ministermøter om klima 18. til . 23. juli. Møta er ledd i førebuingane til klimatoppmøtet i Paris i desember.

-Eg ser fram til å sjå att fleire av mine kollegaer frå heile verda. Diverre var det ikkje så store framsteg som vi håpa på i embetsmøtet i Bonn i byrjinga av juni. Vi har no mykje å gripe fatt i for at Paris-møtet skal bli ein suksess, seier Sundtoft.

Fyrst er det møte i det sokalla Major Economics Forum i Luxemburg 18.- 20. juli, der G20-landa skal diskutere klimaspørsmål på politisk nivå. Dette er eit klimamøte for dei store utsleppslanda, som til dømes India, Kina og USA. Forumet blir leia av USA. Noreg er invitert som observatør, og skal sitte ved bordet og delta i diskusjonane på lik linje med dei andre ministrane. Hensikta med dette møtet er  blant anna å fremje dialog og leiarskap mellom de viktigaste utsleppslanda og økonomiane.

Vidare har Frankrike som påtroppande vertskap for det store klimamøtet i Paris i desember invitert til eit uformelt møte om klimaforhandlingane 20. til 21. juli. Det er avgrensa deltaking på desse møta, og nærare 40 land, inkludert Noreg, er invitert. Noreg har også deltatt på dei to tidlegare møta. Eit nytt, kortare forhandlingsdokument skal utarbeidas av leiinga for forhandlingane og leggast fram 24. juli. Forventningar til forhandlingstekst, og prosess vidare fram mot Paris vil bli diskutert på møtet.

Og så er det attende til Luxemburg for Tine Sundtoft og fleire av dei europeiske miljøministrane. Her er det EU sitt miljøministermøte, og igjen står klima på dagsorden. Her skal ein diskutere pengar til klimatiltak og dei nye globale måla for berekraft.  Førebuingane til klimaforhandlingane vil også stå på agendaen. Dette møtet varer frå 22. til 23. juli.

Også Noreg sin forhandlingsleiar, Aslak Brun, vil delta på fleire av møta. Pressekontakt er  kommunikasjonssjef i Klima- og miljødepartementet, Jon Berg. Tlf 90569495. Tine Sundtoft er tilgjengeleg for kommentar undervegs.