Priv. til red.: Samferdselsministeren signerer 9. august belønningsavtale med Grenland om betre kollektivtransport

Onsdag 9. august vil samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen signere ny belønningsavtale med Grenland saman med fylkesvaraordførar Hans Edvard Askjer i Telemark, ordførar Robin Kåss i Porsgrunn, varaordførar Erik Næs i Skien og ordførar Kjell Abraham Sølverød i Siljan.

Sted: Statsrådens møterom, 9. etasje, Samferdselsdepartementet, Akersgata 59, Oslo
Tid: 9. august kl. 13.30 

Føremålet med Belønningsordninga er å stimulere til betre framkome, miljø og helse i storbyområda. Dette skal ein oppnå ved å auke talet på kollektivreiser gjennom å redusere talet på reiser med personbil. 

Journalistar som ønskjer å delta på signeringa, må melde seg på til bis@sd.dep.no

Pressekontakt: Edvard Andersen, Kommunikasjonseininga, Samferdselsdepartementet, tlf.: 905 11 667.

Vel møtt!