Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 27, 2014

Priv. til red.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 27, 2014.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 30. juni
Kl. 12.00-13.30: Utanriksminister Brende opnar Det grøne klimafondets fyrste møte om ressursmobilisering. Sjå eigen priv. til red. Stad: Oslo. 

Pressekontakt: Astrid Versto, 901 92 920 

Tysdag 1. - onsdag 2. juli
Utanriksminister Brende besøkjer Sør-Afrika og Malawi saman med statsminister Erna Solberg. Tema for reisa er FNs mål for utvikling og regjeringa si satsing på global utdanning. Brende skal også ha bilaterale møte med styresmakter og andre. Sjå eigen priv. til red. Stad: Johannesburg og Lilongwe. 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Astrid Sehl, 922 84 752

Torsdag 3. - fredag 4. juli
Utanriksminister Brende vitjar Svalbard saman med den franske utanriksministeren Laurent Fabius. Vitjinga er mellom anna ei førebuing til FNs klimakonferanse i Frankrike i 2015. Eigen priv. til red. følgjer. Stad: Svalbard. 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Kristin Enstad, 482 68 835 

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Statssekretæren har ferie.

Statssekretær Hans Brattskar

Måndag 30. juni – tysdag 1. juli
Statssekretær Brattskar deltek på Tidewater-konferansen i Sveits om utviklingssamarbeid. Stad: Zürich. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 2. juli
Kl. 10.00-11.00: Statssekretær Brattskar møter to representantar for selskapet Energigården AS. Stad: Oslo. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 12.30-14.00: Statssekretær Brattskar møter elektrisitetsministeren i Myanmar. Stad: Oslo. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Morten Høglund  

Statssekretæren har ferie. 

Statssekretær Ingvild Stub  

Statssekretæren har ferie.