Tyrkias EU-minister Volkan Bozkir møter statsråd Vidar Helgesen

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

EØS- og EU-minister Vidar Helgesen er vert for den tyrkiske EU-ministeren Volkan Bozkir onsdag 5. november.

EØS- og EU-minister Vidar Helgesen er vert for den tyrkiske EU-ministeren Volkan Bozkir onsdag 5. november.

Bozkir kjem til Noreg for å presentere den tyrkiske regjeringa sin nye EU-strategi. Dei to ministrane vil også drøfte europapolitiske spørsmål og møte representantar for tyrkiske miljø i Oslo.  

Det blir ein felles pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45, kl. 14. 

Presse som ønskjer å dekke besøket, må ta kontakt med underteikna innan tysdag kl. 15 for påmelding. 

Presseprogram onsdag 5. november 

12.00: Oppmøte for presse som vil fotografere ved møtestart i Parkveien. Stad: Riddervoldsgate 2.

12.30: EU-minister Bozkir og statsråd Helgesen har møte. Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det blir mogleg å fotografere ved møtestart. 

13.30: Oppmøte i Riddervoldsgate 2 for presse som vil dekke pressekonferansen. 

14.00-14.30:  Felles pressekonferanse med dei to ministrane. Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

15.00-16.00: Rundebordskonferanse. Stad: Nupi, CJ Hambros plass. Møtet er ikkje ope for pressa.

16.30-17.00: Møte med Tyrkisk Islamsk Union. Stad: Motzfeldts gate 6B. Det blir mogleg å fotografere ved møtestart.  

17.15-18.00: Møte med næringslivsrepresentantar. Stad: Stortorvet. Her blir det mogleg å fotografere. 

18.00-19.00: Buffet-middag, organisert av Den norsk-tyrkiske handelsforening og Den norsk-tyrkiske arbeidsgiverforening. Stad: Konak Restaurant, Dronningens gate 21. Det blir mogleg å fotografere i starten av middagen.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, rbj@mfa.no, 957 85 536