Utanriksministeren til London 27. og 28. november

Priv. til red.

Utanriksminister Børge Brende skal onsdag ettermiddag ha møte med sin britiske kollega William Hague.

Utanriksminister Børge Brende skal onsdag ettermiddag ha møte med sin britiske kollega William Hague.

Tema for samtalen er det bilaterale forholdet og aktuelle utanrikspolitiske saker, m.a. energi, Syria og utviklinga i Midtausten. Brende skal også møte Gordon Brown, FNs spesialutsending for global utdanning. Om kvelden møter han representantar for norsk næringsliv i London.

Torsdag 28. november har utanriksministeren eit frukostmøte med britiske journalistar, før han møter medlemer av Noregsgruppa og utanrikskomiteen i Parlamentet. Om ettermiddagen held Brende hovudinnlegg om ansvar og mogelegheiter i Arktis under seminaret «The Thawing Arctic – Climate Change, Resources and Sea Routes» i Royal Geographical Society. 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Astrid Versto, mobil 901 92 920 (med på reisa).