Børge Brende og Hillary Clinton vertskap for toppmøte i New York

Priv. til red.

Utanriksminister Børge Brende er i New York fredag 21. november, der han saman med blant andre tidlegare utanriksminister Hillary Clinton er vertskap for eit internasjonalt toppmøte for reine kokeomnar i fattige land, Cookstoves Future Summit.

Kvart år døyr om lag fire millionar menneske av luftforureining frå matlaging, oppvarming og parafinlamper. Sotutslepp frå matlaging over open eld ved bruk av kol, ved, trekol og annan fast brensel er hovudkjelda for innandørs luftforureining. 2,8 milliardar menneske i verda lagar framleis  mat på denne måten. 

Toppmøtet  i New York blir arrangert av Global Alliance for Clean Cookstoves (GACC), som blei lansert av Clinton for fire år sidan. 

Målsettinga med møtet er å mobilisere ressursar nok til å skaffe minst 100 millionar reine kokeomnar innan 2020. 

Utanriksminister Børge Brende skal også ha bilaterale møte mens han er i New York. 

Pressekontakt: Astrid Versto, mobil 901 92 920