Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 4, 2014

Priv. til red.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 4, 2014.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 20. januar
Utanriksminister Brende besøkjer Russland 20. -21. januar. Han vil mellom anna møte sin russiske kollega, Sergej Lavrov. Sjå eigen priv. til red. Stad: Moskva

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Kristin Enstad, 482 68 835

Onsdag 22. januar
Utanriksminister Brende deltek på World Economic Forum frå 22.-25. januar. Priv. til red. føljer. Stad: Davos, Sveits.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Svein Atle Michelsen, 971 07 379

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Tysdag 21. januar
Statssekretær Pedersen deltek på konferansen Arctic Frontiers. Stad: Tromsø

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 (ikkje sms)

Fredag 24. januar
Kl. 09.30: Statssekretær Pedersen møter Adam Ward, direktør i The International Institute for Strategic Studies (IISS). Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 (ikkje sms)

Statssekretær Hans Brattskar

Måndag 20. januar
Statssekretær Brattskar deltek i eit dialogmøte mellom OECD-komiteen for utviklingspolitikk og land i Midtausten. Tema for møtet er Somalia og Jemen. Stad: Kuwait.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Astrid Sehl, 922 84 752

Onsdag 22. januar
Kl. 11.00: Statssekretær Brattskar møter Kjetil Tronvoll, direktør for senter for Afrikastudiar, International Law and Policy Institute (ILPI). Stad: UD

Pressekontakt:  Kommunikasjonsrådgjevar Astrid Sehl, 922 84 752

Fredag 24. januar
Kl. 13.00: Statssekretær Brattskar møter Torild Skogsholm, generalsekretær i Care Noreg. Stad: UD

Pressekontakt:  Kommunikasjonssjef (utvikling) Astrid Versto, 901 92 920

Kl. 13.30: Statssekretær Brattskar møter Jørn Lemvik, generalsekretær i Digni. Stad: UD

Pressekontakt:  Kommunikasjonssjef (utvikling) Astrid Versto, 901 92 920

Statssekretær Morten Høglund

Tysdag 21. januar
Kl. 13.00: Statssekretær Høglund møter Colombias arbeidsminister Rafael Pardo. Stad: UD

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Svein Atle Michelsen, 971 07 379

Statssekretær Ingvild Stub

Måndag 20. januar
Kl. 14.30: Statssekretær Stub møter Pierrette Pape, European Women's Lobby. Stad: UD

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Hilde Steinfeld, 404 08 314

Onsdag 22. januar
Kl. 11.00: Statssekretær Stub held innlegg for seniorutvalet i Europabevegelsen. Stad: Litteraturhuset

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Hilde Steinfeld, 404 08 314

Torsdag 23. januar
Kl. 15.15: Statssekretær Stub møter representantar frå NHO. Stad: UD

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Hilde Steinfeld, 404 08 314