Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 7, 2014

Priv. til red.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 7, 2014.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Tysdag 11. februar
Kl. 10.00: Utanriksminister Brende held ei utgreiing om Sør-Sudan og Syria. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.00: Utanriksminister Brende opnar lanseringskonferansen for den globale kommisjonsrapporten om helsespørsmål. Stad: Universitetets gamle festsal, Karl Johans gt. 47, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Astrid Sehl, 922 84 752

Onsdag 12. februar
Utanriksminister Brende deltek på eit uformelt, nordisk utanriks- og forsvarsministermøte. Eigen priv. til red. følgjer. Stad: Reykjavik

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef (utvikling) Astrid Versto, 901 92 920

Torsdag 13. februar
Kl. 18.00: Utanriksminister Brende er til stades ved sentralbanksjefens årstale. Stad: Norges Bank.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 14. februar
Kl. 13.00: Utanriksminister Brende har møte med norske frivillige organisasjonar om menneskerettsspørsmål. Eigen priv. til red. følgjer. Stad: UD

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Svein Atle Michelsen, 971 07 379

Laurdag 15. til fredag 21. februar
Utanriksminister Brende vitjar Colombia og Brasil. Eigen priv. til red. følgjer.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Kristin Enstad, 482 68 835

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Onsdag 12. februar
Kl. 10.00: Statssekretær Pedersen har møte med representantar for organisasjonen "Med Israel for fred". Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.30: Statssekretær Pedersen møter visepresident i Eni, Marco Alvera. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 13. februar
Kl. 12.00: Statssekretær Pedersen møter direktøren i forskingsinstituttet CSIS (Center for Strategic and International Studies), John Hamre. Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Hans Brattskar

Måndag 10. februar
Kl. 11.00: Statssekretær Brattskar har møte med leiaren i Digni, Jørn Lemvik. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 13. februar
Kl. 13.00: Statssekretær Brattskar deltek på lanseringa av boka "Corruption, Grabbing and Development: Real World Challenges" i regi av CMI (Chr. Michelsen Institute). Stad: Litteraturhuset i Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 14. februar
Kl. 12.30: Statssekretær Brattskar møter leiaren for Den globale miljøfasiliteten (GEF), Naoko Ishii. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Morten Høglund

Måndag 10. februar
Kl. 11.00: Statssekretær Høglund møter representantar for Yara International. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 11. februar
Statssekretær Høglund besøkjer Berlin for møte om kultur og næringsfremme. Stad: Berlin, Tyskland.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 12. – torsdag 13. februar
Statssekretær Høglund besøkjer Genève for møte om WTO etter Bali-konferansen og aktuelle FN-spørsmål. Stad: Genève, Sveits

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Ingvild Stub

Måndag 10. februar
Kl. 14.00: Statssekretær Stub deltek på opninga av utstillinga “Visegrád Karma”. Stad: Bjørknes Høgskule, Lovisenberg gt. 13, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Hilde Steinfeld, 404 08 314