Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 32, 2014

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 32, 2014.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalendaren på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 4. – tysdag 5. august
Utanriksminister Børge Brende er på uformell vitjing hos Finlands utanriksminister Erkki Tuomioja. Stad: Helsinki 

Pressekontakt: Pressevakta UD 23 95 00 02.                                     

Statssekretær Bård Glad Pedersen  

Måndag 4. august
Kl. 10.00-10.30: Statssekretær Bård Glad Pedersen møter gjester frå Norwegian-American Parliamentary Exchange Program (Napep).

Pressekontakt: Pressevakta UD 23 95 00 02 

Statssekretær Morten Høglund  

Måndag 4. august
Kl 11.00-11.30: Statssekretær Morten Høglund møter representantar frå Ecopost, som skal orientere om prosjektet sitt, «Grøn energi». Stad: Oslo. 

Pressekontakt: Pressevakta UD 23 95 00 02. 

Torsdag 7. – laurdag 9. august
Statssekretær Morten Høglund deltek på Aseans utanriksministermøte i Naypyidaw i Myanmar for å markere felleserklæringa for samarbeid mellom Asean og Noreg. Høglund vil også ha møte med representantar frå regjeringa i Myanmar og andre politiske aktørar, for å fylgje opp vårt bilaterale forhold inkludert stønaden til fredsprosessen. Stad: Naypyidaw

Pressekontakt: Pressevakta UD 23 95 00 02