Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 41

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag av programmet for politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 41, 2014.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalendaren på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 6. oktober
Kl. 12.00: Utanriksminister Brende er vert for ein arbeidslunsj for utanriksministeren i Laos. Stad: Oslo (Parkveien). 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Eskil Sivertsen, 926 89 277. 

Kl. 18.00: Utanriksminister Brende held opningsforedrag i Oslo Militære Samfunn. Stad: Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta, UD. 23 95 00 02. 

Tysdag 7. oktober
Kl. 16.00: Utanriksminister Brende held innlegg på eit arrangement i regi av Næringsforeningen i Trondheimsregionen og Det norske oljeselskap. Stad: Trondheim (Det norskes lokale på Torget). 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Veslemøy Lothe Salvesen, 995 68 584. 

Onsdag 8. – fredag 10. oktober
Utanriksminister Brende deltek på Verdsbanken sitt årsmøte. Stad: Washington DC. 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef (utvikling) Astrid Versto, 901 92 920. 

Sundag 12. oktober
Utanriksminister Brende deltek på og er vertskap for gjenoppbyggingskonferansen for Gaza. Stad: Kairo. Sjå eigen priv. til red

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Frode Overland Andersen, 917 22 022

Statsråd Vidar Helgesen

Tysdag 7. oktober
Kl. 12.30: Statsråd Helgesen møter dei tre dommarane i Efta-domstolen. Stad: Parkveien 45.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536 

Onsdag 8. oktober
Statsråd Helgesen reiser til Milano for å delta på EU-toppmøtet om ungdomsarbeidsløyse. Møtet blir innleia av den italienske statsminister Renzi, og det blir innlegg både frå Merkel, Holland, Barroso, Van Rompuy og Schulz. ILO, EIB og OECD deltek også.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536 

Torsdag 9. oktober
Kl. 18.00: Statsråd Helgesen held opningstalen ved utstillinga ”Romantiske landskaper” på Nasjonalmuseet.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Kl. 09.15: Statsråd Helgesen held innlegg om EUs klima og energipolitikk og betydinga for Noreg, på eit Bellona-seminar om europapolitiske implikasjonar for norsk energi- og klimapolitikk. Stad: Bellonahuset i Oslo.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Statssekretær Bård Glad Pedersen  

Måndag 6. oktober
Kl. 12.00: Statssekretær Pedersen møter styreleiar i Norfund, Kristin Clemet. Stad: UD 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 13.00: Statssekretær Pedersen møter Ivar Kristiansen, regiondirektør, NHO Nordland. Stad: UD 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 10. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Pedersen opnar eit seminar – The Death Penalty Internationally and the use of Isolation in Norway. Stad: Gamle Festsal, Universitetet i Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Hans Brattskar  

Torsdag 9. – fredag 10. oktober
Statssekretær Hans Brattskar deltek på Verdsbanken sitt årsmøte. Stad: Washington DC. 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef (utvikling) Astrid Versto, 901 92 920. 

Statssekretær Morten Høglund  

Måndag 6. – fredag 10. oktober
Statssekretær Morten Høglund vitjar Colombia. Han skal mellom anna ha samtalar med colombianske styresmakter. Sjå eigen priv. til red. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Ingvild Næss Stub  

Måndag 6. – tirsdag 7. oktober
Statssekretær Stub er i Brussel og møter mellom anna Ignacio Garcia Bercero, EUs forhandlingsleiar for TTIP (handelsavtale med USA), Luis Felipe Fernández de la Peña, EUs forhandlingsleiar for EØS-avtalen og fleire parlamentarikarar frå Europaparlamentet. Stad: Brussel

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.