Historisk arkiv

Prøveprosjekt for auka busetting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland og Østfold har frå og med januar i år fått eit større ansvar for busettingsarbeidet i sine fylker dei neste to åra. Målet er å busette fleire flyktningar.

Formålet med prøveprosjektet er å sjå om ei endra organisering kan bidra til både auka og raskare busetting av flyktningar i dei to fylka. Busettingsarbeidet vil skje i tett samarbeid mellom Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og Fylkesmannen. 

IMDi skal framleis ha ansvaret for dei konkrete førespurnadane til kommunane når det gjeld kven som skal busettast. Fylkesmannen skal særleg bidra til auka kapasitet og fleire vedtaksplassar og samordning av innsats for betre kvalifisering av flyktningar. I tillegg er Husbanken og KS med i samarbeidet. Fylkesmennene skal rapportere om utviklinga i prosjektet to gongar i året, i tillegg til ein årsrapport.

Her finn du oppdragsbreva til Fylkesmennene i Hordaland og Østfold.

Over 5000 ventar

I 2014 vart 7784 flyktningar busette i ein norsk kommune. Det er ei auke på 19 prosent samanlikna med året før, og det høgaste talet på busette sidan 1994. Likevel viser IMDis oversikt at over 5100 personar venta i norske mottak ved utgangen av februar i år. Ventelistene aukar fordi kommunane ikkje buset så mange som dei blir bedde om. I 2014 vart Østfoldkommunane til saman oppmoda om å ta i mot 435 flyktningar. Resultatet vart 265. I Hordaland vart kommunane oppmoda om å busette 936 flyktningar, medan talet på busette vart 652.

Besøker Østfold

Torsdag 19. mars besøker statsråd Solveig Horne Fylkesmannen i Østfold for å høyre om korleis dei har organisert arbeidet med å busette fleire flyktningar i fylket og kva erfaringar dei har med denne oppgåva til no.