Qltura fritidsklubb i Vesvågøy får tilskot til inkludering i fritidsaktivitetar

- Det er viktig å bidra til at barn og ungdom får delta i sosiale fellesskap og aktivitetar. Fritidsaktivitetar er viktige møteplassar utanom skulen, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

I Fritidserklæringa går regjeringa, KS og frivillige organisasjonar saman for ein felles innsats slik at alle barn og unge uavhengig av familieøkonomi kan delta jamleg i fritidsaktivitetar. Som ein drahjelp har Kulturdepartementet no fordelt om lag ti millionar kroner for å stimulere til inkludering og integrering i fritidstilboda rundt om i landet.

- Midla som no er fordelt skal bidra til at barn frå økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta på minst éin fritidsaktivitet. For å få til gode løysingar må kommunar, lokale foreiningar  og andre viktige samarbeidspartnarar spele på lag. I tildeling av midlar har vi lagt vekt på samarbeid mellom det offentlege og dei frivillige. Prosjekta skal inspirere andre, så ikkje alle må starte frå "scratch", seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Qltura fritidsklubb - Vestvågøy kommune får 480 000 kroner til arbeidet mot barnefattigdom

Pengane skal bidra til at fleire barn fra økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta i organiserte fritidsaktiviteter. Qltura skal gjennom prosjektet ta initiativ til koordinering og samarbeid mellom kommunen og frivillige organisasjonar. Samarbeid med fagråd for idrett, musikk og ungdom skal etablerast og klubben vil også involvere folkehelsekoordinatoren i kommunen. Fritidsklubben skal bli base for aktivitet og informasjon og vil tilsette ein koordinator som bindeledd mellom ungdom, foreldre, lag og organisasjonar og ulike private og kommunale instansar.

- Mange kommunar, frivillige organisasjonar og idretten gjer i dag mykje for å inkludere barn og unge i aktivitetane sine. Gjennom felles innsats i lokalmiljøa, oppnår vi enda breiare deltaking. Tildelinga til Qltura fritidsklubb på Vestvågøy synleggjer dei praktiske og gode løysingane ein har fått til lokalt, seier kulturminister Hofstad Helleland.