Historisk arkiv

Radiodekning i Barentshavet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Fiskeridepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Fiskeridepartementet


NR. 77/95, 20. desember 1995

RADIODEKNING I BARENTSHAVET

- Eg er glad for behandling i Stortinget av spørsmålet om radiodekning i Barentshavet, og prosessen vil no gå vidare med sikte på ei snarleg løysing som tilfredsstiller behova til fiskeflåten, seier fiskeriminister Jan Henry T. Olsen etter at Stortinget denne veka behandla ei stortingsmelding frå Kulturdepartementet som også omfatta radiodekninga av Barentshavet og nordområda.

Radiosendingar i desse områda kan realiserast raskare og billegare enn ein hittil har rekna med fordi DECCA-stasjonane på Røst og Nordkapp vert ombygde til ordinære radiostasjonar. Dekningsanalysar syner at mesteparten av dei aktuelle havområda vil bli tilfredsstillande dekte ved radiosendingar frå desse stasjonane.

Kostnadsanalysar syner at investeringsutgiftene med å etablere dei to radiosendarane samla vil vere mellom 11 og 18 millionar kroner, m.a. avhengig av sendarstyrken. Det vert no arbeidd vidare for å realisere utbygginga, som vil starte så snart råd er etter at sendarane er frigjevne frå DECCA-systemet. NRK vil dekke driftsutgiftene ved stasjonane.


Lagt inn 3 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen