Historisk arkiv

Rapport: Avinor AS tilrår å oppretthalde drifta av lufthamnene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Det er viktig å sikre eit godt transporttilbod over heile landet. Mange stader er flyplassane på kortbanenettet avgjerande for å oppnå dette målet. Tilrådinga frå Avinor om å oppretthalde drifta ved dei 17 lufthamnene som no er vurderte, betyr mykje for folk og næringsliv i distrikta.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Avinor AS 20. mai la fram ein rapport om 17 lufthamner på kortbanenettet. Tilrådinga om å oppretthalde drifta ved desse lufthamnene gjeld fram til ny rapport blir lagt fram i 2019.  

– Tilfreds med tilnærminga til Avinor
Samferdselsministeren meiner at det ikkje var naudsynt å uroe seg før rapporten blei presentert.

 – Regjeringa har vore tydeleg på at vi vil ha eit godt transporttilbod over heile landet. Eg er tilfreds med tilnærminga Avinor har til regjeringas politikk.

Konsernsjef Dag Falk-Petersen i Avinor sa mellom anna følgjande til pressa i samband med framlegginga av rapporten:

– Vi har bestemt oss for å behalde dagens flyplasstruktur sidan regjeringa har vore tydeleg på at vi må halde oppe transportstandarden, og sidan vegutbygginga ikkje har kome så langt at det er andre gode løysingar.

Rapporten er ein del av grunnlaget for ny NTP
Utgreiinga frå Avinor er utførd på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, og er ein del av grunnlaget for ny Nasjonal transportplan (NTP).

Sjølv om drifta ved dei 17 lufthamnene blir vidareført, peikar Avinor på behovet for å effektivisering. For å styrkje flyplassane si rolle og forsvare vidare drift, må dei omstille seg i takt med samfunnsutviklinga. Spesielt viktig er utviklinga i busetjing, næringsliv og vegstandard.  

Rapporten omfattar ikkje vurderingar av lufthamnene i Nordland og Fagernes lufthamn. Desse flyplassane har blitt analysert og vurdert i andre samanhengar.

For fleire opplysningar - sjå: