Historisk arkiv

Overlevering av utgreiing om betre handtering av overvann

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klimaendringane vil gi meir nedbør i åra som kjem. Regjeringa sette i fjor ned eit utval for å gå gjennom gjeldande lovgiving og rammevilkår for handtering av overvann i byar og tettstader. Utvalet legg fram sine forslag til forbetringar til klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Tid: Onsdag 2. desember klokka 1300

Stad: Klima- og miljødepartementet, Kongens Gt. 20

Påmelding: jbe@kld.dep.no

 

Om saka:

Avløpsnettet i byar og tettstader er i dag ikkje dimensjonert for store mengder overvann. Det må difor bli lagt til rette for at overvann blir handtert slik at ein unngår for store skadar. Det er naudsynt med lokale tiltak utanom avløpsnettet. Ulike styresmakter forvaltar regelverk som har følgjer for moglegheitene for handtering av overvann.