Rapport om metodar og system for kartlegging av matsvinn i landbruket

Etter oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet har Østfoldforskning gjennomført eit forprosjekt om statistikkutvikling for matsvinn i landbrukssektoren. Rapporten vart levert før påske og er ein del av oppfølginga av bransjeavtala om å redusere matsvinn.

Forprosjektet har utvikla eit metodegrunnlag med rettleiing  til dei som skal samle data og kartleggje matsvinn i primærproduksjonen i landbrukssektoren. Dette er gjort ved å utvikle eit utval nøkkeltal og metodikk som grunnlag for å måle matsvinn frå primærproduksjonen i Noreg, og kan nyttast vidare som grunnlag for nasjonal statistikk for matsvinn.

Forprosjektet har utvikla eit metodegrunnlag med rettleiing  til dei som skal samle data og kartleggje matsvinn i primærproduksjonen i landbrukssektoren.
Forprosjektet har utvikla eit metodegrunnlag med rettleiing til dei som skal samle data og kartleggje matsvinn i primærproduksjonen i landbrukssektoren. Foto: Pexels.

Arbeidet har tatt utgangspunkt i definisjonen og systemgrensene som er bestemt for matsvinn i Noreg gjennom bransjeavtala om å redusere matsvinn, noko som inneber at matsvinn først oppstår når avlingane er hausta og dyra er slakta. Ein viktig del av prosjektet har vore å utarbeide ein metodikk som mest mogleg skil matsvinn frå delar ein ikkje kan ete, men som kan nyttast til andre føremål. Metodikken må vere praktisk å handtere for både produsentar som skal bruke metodikken i eigenrapportering og for aktørane som skal ta imot og arbeide med datagrunnlaget. 

 Ein viktig del av prosjektet har vore å utarbeide ein metodikk som mest mogleg skil matsvinn frå delar ein ikkje kan ete, men som kan nyttast til andre føremål.
Ein viktig del av prosjektet har vore å utarbeide ein metodikk som mest mogleg skil matsvinn frå delar ein ikkje kan ete, men som kan nyttast til andre føremål. Foto: Unsplash.

Det er berekna at ein treng data frå eit relativt stort tal einingar for å ha gode tal for matsvinn i landbruket. Relevante metodar for dataregistrering og måling av matsvinn er beskrivne i rapporten. Det er foreslått fleire modellar for korleis arbeidet med innsamling, registrering, lagring og arbeid med data kan bli organisert.

Forprosjektet er gjennomført av Østfoldforskning med ei referansegruppe med representantar frå Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Prosjektet har  vore i kontakt med Gartnerhallen, Norgrønt, BAMA, Norgesmøllene og Felleskjøpet Agri, som har gitt informasjon om tilgang på data og relevante metodar for kartlegging av matsvinn.