Historisk arkiv

Rapport om rekneskapsskilje mellom private barnehagar i same konsern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet har teke mot ein rapport som ser på korleis ein kan gjera skilje i rekneskapen mellom private barnehagar i eit konsern, utan at kvar barnehage treng å vere sjølvstendige rettssubjekt.

I 2019 sende regjeringa på høyring eit forslag om at private barnehagar skal vere eit sjølvstendig rettssubjekt. Fleirtalet av høyringsinstansane støtta forslaget, men somme av dei største var imot. Difor lyste departementet ut eit oppdrag som skulle belysa alternativ til forslaget om at barnehagar skal være eigne rettssubjekt.

Det resulterte i BDOs Rapport om alternativ til eige rettssubjekt for Kunnskapsdepartementet. I rapporten presenterte og vurderte BDO eit alternativ om å stilla krav til skilje i rekneskapen mellom barnehagar utan at dei blir pålagde å vera eigne rettssubjekt.

Denne nye rapporten utdjupar og konkretiserer dette alternativet.

I rapporten set BDO opp ein konkret modell for rekneskapsskilje. Modellen spesifiserer krav til rekneskapsrapportering med skilje mellom barnehagane og krav til korleis rekneskapsføringa skal gjennomførast. Vidare gir rapporten ei vurdering av alternativet om skilje i rekneskapen mellom barnehagane opp mot alternativet der barnehagane er eigne rettssubjekt.

Den samla vurderinga frå BDO er at dei to alternativa oppfyller behovet til styresmaktene for tilsyn og kontroll om lag like godt. Dei peikar likevel på nokre forskjellar. Mellom anna at barnehagar innanfor same rettssubjektet vil vera solidarisk ansvarlege for kvarandre.

Ein barnehage kan derfor måtta dekka tap oppstått i ein annan barnehage. På den andre sida vil barnehagar som er sjølvstendige rettssubjekt, kunne slåast konkurs.

Kunnskapsdepartementet vil saman med Utdanningsdirektoratet vurdera om forslaget frå BDO vil vera eit godt alternativ til å innføra eit krav om eige rettssubjekt som vart foreslått av departementet i høyringa våren 2019.