Historisk arkiv

Rapport om trafikktryggleiksordning:

Positive erfaringar med ”Trygt heim for ein 50-lapp”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Kommunar som er med i ordninga ”Trygt heim for ein 50-lapp” har gode erfaringar. Trygg, rimelig og godt tilpassa lokale forhold er synspunkt som går att frå mange hald. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at ho i dag har motteke ein rapport med evaluering av ”Trygt heim for ein 50-lapp”.

- Kommunar som er med i ordninga ”Trygt heim for ein 50-lapp” har gode erfaringar. Trygg, rimelig og godt tilpassa lokale forhold er synspunkt som går att frå mange hald. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at ho i dag har motteke ein rapport med evaluering av ”Trygt heim for ein 50-lapp”.

Ordninga gir ungdom i aldersgruppa 16-30 år moglegheit til å nytte transport heim med buss eller drosje for 50 kroner på helgedagar eller i samband med spesielle arrangement.  Tiltaket er særleg relevant i område med store geografiske avstandar og eit spreitt busettingsmønster. Her er det aktuelt for unge å reise frå eit større kommunesentrum etter å ha delteke i aktivitetar på kveldstid, men ofte finst det ikkje eit fast tilbod med nattbuss i helgane.

- I tillegg til målsetjinga om å redusere helgeulukker i trafikken, skal ordninga stimulere ungdom til å ta del i sosiale aktivitetar. Trygg transport kombinert med auka moglegheit til å delta på ulike arrangement er ei ordning som kan vere attraktiv å tilby i fleire distriktskommunar, seier samferdselsministeren. 
 
Evalueringa syner at trafikktryggleikstiltaket kan vere ein medverkande faktor til reduksjon i talet på alvorlege ulukker med drepne og hardt skadde. Resultata viser likevel at det ikkje er ein direkte årsakssamanheng mellom tiltaket og nedgangen i alvorlege ulukker.

Rapporten peikar vidare på at det kan vere ein samanheng mellom mange brukarar og tilsvarande reduksjon i talet på ulukker. Til dømes er dette talet blitt halvert i Målselv etter at ordninga blei innført, medan ulukkesreduksjonen i Sogn og Fjordane – som var først ut med ordninga i 2002 - har vore på om lag 20 prosent.

Rapporten gir råd som kan vere viktig i utviklinga av gode lokale løysingar. God marknadsføring, lokal tilpassing med utgangspunkt i lokale behov og tydelege retningsliner for ordninga er sentrale døme på dette. Samferdselsdepartementet vil vidareformidle resultata og tilrådingane i rapporten til fylkeskommunane.

”Trygt  heim for ein 50-lapp” blir i dag praktisert i 13 fylke.

Rambøll Management Consulting (RMS) har evaluert ”Trygt heim for ein 50-lapp” på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.


 

For ytterligare opplysningar – sjå rapporten:

 

For meir informasjon – ta kontakt via: