Rapport om utvikling av riksveg 4 og Gjøvikbanen

- Riksveg 4 og Gjøvikbanen er viktige transportårer mellom hovudstadsområdet og Vest-Oppland. Rapporten vi har fått frå transportetatane er eit viktig innspel i den vidare utviklinga av veg og bane på denne strekninga, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Statens vegvesen og Jernbaneverket gjennomført ei konseptvalutgreiing (KVU) for det vidare arbeidet med utviklinga av riksveg 4 og Gjøvikbanen mellom Vest-Oppland og Oslo-Akershus-området.

Full utbygging gir best framtidig løysing
Full utbygging av både veg og jernbane er av dei to transportetatane vurdert til å gi den beste framtidige løysinga. 

Vegkonseptet omfattar mellom anna møtefri veg og betre stigningsforhold på strekninga Jaren-Raufoss. Gjennomgangstrafikken skal blir ført utanom Gjøvik by, og det blir bygt firefelts veg frå nord for Gjøvik til Mjøsbrua. Vegkonseptet er grovt estimert til å koste 13 milliardar kroner.  

Jernbanekonseptet omfattar bygging av dobbeltspor frå Oslo til Moelv, med samankopling til Dovrebanen ved Moelv. Dette vil leggje til rette for auka godstransport og større fleksibilitet gjennom nytt jernbanenettverk på Austlandet. Utbygging av nytt dobbeltspor vil redusere reisetida mellom Oslo og Gjøvik til om lag ein time og ti minutt, og ein togtur mellom Gjøvik og Hamar vil kunne ta om lag 25 minutt. Grovt estimert kjem det tilrådde jernbanekonseptet til å koste 69 milliardar kroner. Ein tredjedel av kostnadane er knytt til samankopling av Gøvikbanen og Dovrebanen over Mjøsa. 

Transportetatane tilrår trinnvis utbygging av veg og bane
På grunn av investeringskostnader på over 80 milliardar kroner alt i alt, meiner Statens vegvesen og Jernbaneverket at det ikkje er realistisk med ei samla utbygging av riksveg 4 og Gjøvikbanen i oversynleg framtid. Dei to transportetatane tilrår i første omgang ei trinnvis utvikling av både veg og bane. 

For riksveg 4 omfattar dette i første omgang utvikling av vegen mellom Gjøvik og Mjøsbrua, tiltak for meir miljøvennleg transport og ønskt byutvikling i Gjøvik, og tiltak som styrkjer både trafikktryggleik og framkome på strekninga Raufoss-Lygna. I alt er dette grovt estimert til å koste 4 milliardar kroner.

For Gjøvikbanen betyr trinnvis utvikling i første omgang utbetringstiltak som gir auka frekvens for persontogtrafikken. Dette omfattar mellom anna stasjonstiltak, bygging av kryssingsspor og meir parkeringskapasitet for tog. Tiltaka er estimert til å koste 1-2,3 milliardar kroner.

Vidare framdrift
Konseptvalutgreiinga blir no sendt på høyring av transportetatane, samstundes som  det blir gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS1). Både utgreiinga, høyringsrundane og den eksterne kvalitetssikringa skal inngå som grunnlag når regjeringa tek stilling til eventuell vidare planlegging av prosjekt på strekninga. 

Når det gjeld prioritering av midlar til riksveg 4 og Gjøvikbanen, vil regjeringa vurdere dette i arbeidet med stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2018-2029, som blir lagt fram våren 2017.

For fleire opplysningar – sjå: