Historisk arkiv

Rapport: Miniplenumssesjon i Europaparlamentet 24. juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

Rapport fra rådgjevar Ingvild Vereide Nave, EU-delegasjonen

24. juni møttest Europaparlamentet til miniplenum i Brussel. På agendaen sto ein førebuande diskusjon om møtet i Det Europeiske Råd som hovudsakleg omhandla Grexit og migrasjon. Vidare var Juncker-pakken (EFSI), budsjetsspørsmål, implementering av stabilitets- og vekstpakken og European Monetary Fund tema. Rådgjevar Ingvild Vereide Nave ved EU-delegasjonen rapporterer.

Fra miniplenumssesjonen i Europaparlamentet 24. juni 2015.
Visepresident Jyrki Katainen i Europakommisjonen orienterte om fondet for strategiske investeringer under Europaparlamentets miniplenumssesjon. Foto: European Union 2015

Til stor jubel frå den ytterste høgreflanken i plenumssalen i Brussel, starta sesjonen med annonseringa om at ei ny partigruppe er oppretta i Europaparlamentet. Marine Le Pen og Front National har lukkast med å samle MEPane som trengs, og har 36 medlemmar frå sju land i gruppa Europe of Nations and Freedom (ENF). Dette betyr meir taletid i sesjonane, betre posisjonar i parlamentskomitéane og ikkje minst, meir finansiering.

Førebuing til Det Europeiske Råd 25. og 26. juni – Grexit og migrasjon

Eigentleg skulle kommisjonspresident Juncker orientere parlamentet om møtet i Det europeiske råd (DER), men visepresident Frans Timmermans måtte ta over fordi Juncker var opptatt med å «bygge bruer med Hellas» i det det andre eurogruppemøtet denne veka.  Europaparlamentet var i stor grad opptatt av at Kommisjonen og Rådet bør halde Hellas i eurosonen, men at ein måtte tenke heiskapeleg og ikkje velje raske løysingar. «Det er det greske folk som få lide om ein ikkje lukkast» var eit av dei mest populære argumenta. Dei to største partigruppene, EPP og S&D, var begge opptatt av å få i land ein avtale. EPP meinte Hellas må få mogelegeheiten til å vise litt «lys i tunnelen» til innbyggjarane sine og betale gjelda si. Italienske Pittella frå S&D meinte ein ikkje må la «fillesaker» som VAT i restaurantar og innan catering risikere heile eurosonen. ALDE-leiar Verhofstadt var bekymra over at denne avtalen slett ikkje adresserte dei underliggande og meir systemiske problema som har ført Hellas ut i krisa.

Migrasjon

Timmermans la i si orientering sterk vekt på at det er alfaog omega å finne felles løysingar og ein fordelingsnøkkel som er rettferdig. Dersom ein ikkje klarer det vil ein halde fram med det same som ein held på med no. Noreg, Sveits og Liechtenstein blei trekt fram som føregongseksempel i samband med flyktningkrisa. EPP var tydelege på at dei som hadde rett på beskyttelse skulle få det, og trakk spesielt fram flyktningar frå Syria. Dei som derimot ikkje har krav på beskyttelse, måtte reise heim.  ECR tok til orde for at ein bør kunne søke asyl i områda ein oppheld seg i, før ein legg ut på reisa over Middelhavet, medan EFDD gjekk endå lenger og meinte ein bør innføre ein «australsk» modell – det vil seie ein restriktiv politikk, der ein mellom anna har asylmottak utanfor landet og sender tilbake båtar med flyktningar. Timmermans synest ikkje noko om det forslaget, og meinte det dessutan var umogeleg sidan Europa ikkje er ei øy.

Ungarn kom opp fleire gongar i løpet av migrasjonsdebatten. S&D kritiserte det fire meter høge gjerdet Ungarn planlegg å byggje på grensa til Serbia, og ALDE ved Verhofstadt meinte måten Ungarn har oppført seg på i migrasjonssaka er ein skandale. Timmermans uttalte seg også negativt om Ungarn sin oppførsel, som 23. juni suspenderte mottak av asylsøkjarar sendt tilbake til Ungarn frå andre EU-land. Å slutte å ta i mot asylsøkjarar meinte han var i strid med EU-reglane for migrasjon.  24. juni snudde Ungarn (etter Timmermans var i parlamentet), og hevda det var eit signal til dei andre EU-landa. Ungarn vil ha meir fokus på sitt migrasjonspress gjennom Vest-Balkan-ruta inn i Europa, og meiner denne ruta er oversett i migrasjonsdebatten i EU.

European Fund for Strategic Investment (EFSI) - Juncker-pakken

Den generelle stemninga i salen var at EP kunne akseptere avtalen slik den stod no - 464 stemte for reglane for fondet. EP har ikkje vore nøgde med at ein har tatt midlar frå Horisont 2020 og CEF (Connecting Europe Facility) for å finansiere Juncker-pakken. Mellom anna Kathleen van Brempt (S&D) trakk fram at det i det minste var positivt at ein fekk redusert dette sifferet frå €6b til €5b, og at prosjekt som allereie er finansiert ikkje skal lide. Ein kan vente seg at EP vil forsøke å forhandle pengane som er tatt frå Horisont2020 og CEF (Connecting Europe Facility) tilbake i neste runde. José Manuel Fernandes (EPP) og Udo Bullman (S&D) forhandla på vegne av EP. Dei har fått gjennomslag for fleire krav, mellom anna retten til godkjenne utpeikinga av leiar og nestleiar av fondet og at godkjente prosjekt skal vere offentlege – for fleire detaljar sjå bakgrunnsnotat.

S&D trur EFSI kan skape eit positivt momentum – endeleg går ein frå å snakke om å stramme inn budsjett og kutte midlar til å snakke om nye investeringar og mogelegheiter. ECR er også positive, men legg vekt på at det må tilretteleggast slik at SMB og mindre forskingsinstitusjonar også får kunnskap om fondet. GUE/NGL var skeptiske til at investeringar i offentleg sektor ikkje er ein mogelegheit gjennom EFSI, og at det er ein uheldig preferanse for privatisering.

Selskapsskatt

Kommissær for økonomiske spørsmål, Pierre Moscovici, møtte EP for å debattere Kommisjonen sin «Corporate Tax Action Plan». EP er ikkje i mot planen, men vil at Kommisjonen skal arbeide raskare og foreslå konkrete lovforslag så raskt som mogeleg. Gualtieri (S&D) vil støtte alle lovforslag som sørger for at selskap betalar ein rettferdig skatt i landet der dei tener pengane sine, og oppfordra medlemsstatane til å vise ansvar og gjere det same. Lamassoure (EPP), som leiar parlamentet sin spesialkomité for skatteavgjersler (oppretta etter Luxleaks), støttar også handlingsplanen, men vil sjå raskare resultat – helst innan året er omme.

Anbefalingar til styring av eurosonen (EMU)

Ein resolusjon med anbefalingar frå parlamentarikarane om korleis ein skal drive «Eurozone governance» i framtida blei godkjent med 317 stemmer for. Resolusjonen er også ei innspel til dei fem presidentane sin rapport om korleis ein skal fullføre EU sin økonomiske og monetære union. EP meiner dagens reglar er for komplekse, at dei manglar eigarskap og ikkje blir følgt konsistent nok. EP støttar KOM sin tre-pilar struktur – investeringar, budsjettskonsolidering og strukturelle reformar, men oppmodar KOM til å bruke strategien meir spesifikt når ein vurderer nasjonale budsjettsutkast og avgjersler knytta til land-spesifikke anbefalingar (CSRs). Ei rekke andre tekniske anbefalingar er også nemnt – les meir her.


Se også:

Samleside om Europaparlamentet