Rapportar om minoritetsspråkpakta og rammekonvensjonen sende til Europarådet

I dag blei Noregs åttande periodiske rapport om statens gjennomføring av minoritetsspråkpakta og den femte periodiske rapporten om statens gjennomføring av rammekonvensjonen sende til Europarådet.

Noreg er forplikta til å jamleg rapportere til Europarådet om arbeidet som blir gjort for å oppfylle den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk (minoritetsspråkpakta) og Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoritetar (rammekonvensjonen).

Tidlegare har styresmaktene rapportert om rammekonvensjonen og minoritetsspråkpakta på ulike tidspunkt. For å effektivisere rapporteringsprosessane har Europarådet vedteke at rapportane skal leverast samstundes.

Rapportane er utarbeidde i tråd med Europarådets rettleiing for rapporteringane og skildrar politikkutvikling og tiltak som er igangsette og gjennomførte sidan førre rapportering. Utkast til rapportar har vore på brei høyring. Rapportane finst på norsk og engelsk.