Historisk arkiv

Rapportering på opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Samla utgjer opptrappingsplanen mot vald og overgrep ei tverrdepartemental satsing på over éin milliard kroner i 2020. Ei samla oversikt over status på tiltaka viser at arbeidet er godt i gang.

Opptrappingsplanen mot vald og overgrep blei lagt fram i oktober 2016 og vedtatt av Stortinget i april 2017. Planen inneheld både tiltak for gi betre hjelp til dei dei gjeld og tiltak for å kunne førebygge at vald og overgrep skjer.

Av dei 88 tiltaka i planen er 37 allereie gjennomførte og 51 påbegynt.

Det blir rapportert om oppfølging av planen i dei årlege budsjettproposisjonane for Barne- og familiedepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet.

Sjå rapporteringa per 1. juni 2020 for opptrappingsplanen mot vald og overgrep.