Historisk arkiv

Raskare og meir effektiv planlegging av større vegprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- For større vegprosjekt der det i hovudsak er aktuelt med utbetring av eksisterande veg, bør ein i mange tilfelle gjere unntak for kravet om såkalla konseptvalutgreiing, KVU. Det samme gjeld for andre prosjekt der det ikkje ligg føre vesentlege problemstillingar knytt til val av hovudløysing – eller såkalla konsept – for prosjektet.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at  Samferdselsdepartementet no har godkjent at 13 større prosjekt på vegnettet skal få unntak frå kravet om konseptvalutgreiing. Unntaka vil seie at det no kan setjast i gang vidare planlegging av prosjekta etter plan- og bygningslova , utan at ein må gjennomføre  konseptvalutgreiing.    

-  Ei slik  meir fleksibel praktisering av regelverket er ein del av regjeringa sitt arbeid for meir effektiv og raskare planlegging av større utbyggingar i transportsektoren, seier samferdselsministeren.

Desse 13 større prosjekta har fått unntak frå kravet om konseptvalutgreiing, KVU:   

Riksveg 3 Rena-Sør Trøndelag grense, Hedmark
E134 Stordalstunellen vest-Aksdal, Hordaland
Riksveg 13 Strand-Røldal, i Rogaland og Hordaland
Riksveg 13 Vinje-Vik, i Hordaland og Sogn og Fjordane
Riksveg 13 Odda-Bu, Hordaland
Riksveg 13 rv 55 Vik-Sogndal,Sogn og Fjordane
E16 Nærøydalen,Sogn og Fjordane
E39 Førde, Sogn og Fjordane
E6 Bjerkvik-Setermoen-Nordkjosbotn,  i Nordland og Troms
E6 Nordkjosbotn-Storslett-Alta,i Troms og Finnmark
Riksveg 92 Karasjok- Gievdnegioukka/riksveg 93 Riksgrense Finland-Alta, Finnmark
Arendal byområde, Aust-Agder
Larvik byområde, Vestfold