Historisk arkiv

Råvareprisfall på verdsmarknaden i januar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) fall med 2,9 prosent i januar. Prisen fall kraftig innanfor fleire råvaregrupper, og svinekjøt peika seg ut med eit prisfall på heile 11,9 prosent.

IMF sin matprisindeks består av eit vekta gjennomsnitt av prisutviklinga innan varegruppene kornvarer, sukker, vegetabilske oljer/protein, kjøt, sjømat, appelsinar og bananar.

Dei siste 12 månadane har prisane på matråvarer på verdsmarknaden gått ned med 10,3 prosent ifølgje IMF. Dette har skjedd trass i sterk prisauke på kjøt (11,3 prosent). Ei av årsakene er prisreduksjon på sjømat (23,1 prosent).

Svinekjøtt.
Prisindeksen for matråvarer frå IMF fall med 2,9 prosent i januar, svinekjøt peika seg ut med eit prisfall på heile 11,9 prosent. Foto: matprat.no Foto: Foto: matprat.no

Kornvarer

Prisindeksen på kornvarer fall med 4,2 prosent på verdsmarknaden i januar. Det var prisen på kveite som fall mest med 7,9 prosent. Vidare auka prisen på bygg med 4,9 prosent, medan prisen på ris og mais fall med 0,3 og 2,2 prosent. Prisfallet på kveite skyldas forventningar om ein gunstig tilbodssituasjon kommande sesong.

Dei siste 12 månadane har prisane på kornvarer samla gått ned med 10,7 prosent. Dette er ikkje overraskande ettersom  førre kornsesongen var prega av tørke med påfølgjande høge prisar på alle kornvarer. Om ein ser på dei enkelte kornvarene, har prisen på bygg gått ned med 18,1 prosent, mais 12,1 prosent, kveite 9,8 prosent og ris 7,1 prosent.