Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2016

Redningsselskapet: Tilleggsløyving aukar statleg tilskott med 10 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Redningsselskapet er ein viktig del av våre redningsressursar. For å oppretthalde tryggleiken til sjøs og beredskapen langs norskekysten foreslår regjeringa ei tilleggsløyving på 10 millionar kroner som auke i det statlege tilskottet til Redningsselskapet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Med dette forslaget blir tilskottet for 2016 på 93,5 millionar kroner, mot 83,5 millionar kroner etter tidlegare vedtatt budsjett.

Auken har samanheng med at Redningsselskapet har varsla om auka kostnader og reduserte inntekter, noko som mellom anna kunne ha ført til at ei av redningsskøytene måtte takast ut av drift i tre til seks månader.

- Eg ønskjer ikkje at Redningsselskapet må redusere innsatsen sin rett før sjø og fjord blir fylt med fritidsbåtar. Vi skal jobbe godt saman for å oppretthalde tryggleiken til sjøs, både for små og store, seier samferdselsministeren.

Sjå også – Prop. 122 S (2015-2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016