Historisk arkiv

Redusert byråkrati ved ombygging av våtrom

- Frå 1. januar blir det enklare å byggje om våtrom. Viss ombygginga ikkje råkar naboen sin eigedom, treng ein ikkje søkje kommunen, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- Frå 1. januar blir det enklare å byggje om våtrom. Viss ombygginga ikkje råkar naboen sin eigedom, treng ein ikkje søkje kommunen, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Frå sommaren 2010 blei det søkjeplikt til kommunen når ein skulle byggje eller byggje om våtrom. Søkjeplikta førte til eit omfattande byråkrati i mange kommunar. I nokre tilfelle har kommunane kravd fire-fem godkjenningar for eit vanleg våtromsarbeid. No blir det endring i byggjeforskriftene.

- Fukt utgjer ein vesentleg del av skadane på bygg. På den andre sida har det blitt for mykje byråkrati knytt til å søkje om byggjeløyve. Vi fjernar plikta til å søkje for å gjere det enklare for folk. Men byggjekrava om kvalitet gjeld sjølvsagt framleis, seier Navarsete. 

Når plikta til å søkje fell bort, må eigaren sjølv ta eit privatrettsleg ansvar for arbeidet. Han må sjølv sikre kvaliteten gjennom kontraktar. Føretaka får ikkje sjølvstendig ansvar overfor kommunen. Eigaren kan ikkje be kommunen om ha tilsyn med føretaka, og ein kan ikkje lengre få ferdigattest for arbeidet.

Dei nye reglane gjeld berre når ein ikkje bryt brannskiljet. Ein må framleis søkje viss ein fysisk må gå gjennom vegg, golv eller tak hos naboen for å plassere nye sluk eller røyr.

Det blir ikkje plikt til å søkje for nye bad som ligg i tilbygg som er mindre enn 50 kvadratmeter. For heilt nye bygg vil det alltid vere søkjeplikt med krav om å nytte ansvarlege føretak. Dette omfattar også våtrom i nye bygg.

• Les meir hjå Lovdata

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00