Historisk arkiv

Referanserentelova trer i kraft i 2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Ny lov om fastsetting av referanserenter (referanserentelova) og lov om endringar i fleire lovar på finansmarknadsområdet har i dag blitt sanksjonert av Kongen i statsråd.

Lovreglane vart vedtekne i Stortinget 17. november 2015 etter framlegg frå Finansdepartementet i Prop. 142 L (2014-2015).

Referanserentelova trer i kraft 1. januar 2016, og vil mellom anna gjelde for fastsettinga av den norske pengemarknadsrenta Nibor. Finansdepartementet har med heimel i lova § 7 i dag fastsett forskrift med overgangsreglar. Etter forskrifta skal administratorar av referanserenter som ved ikraftsetjinga av lova driv verksemd som vert regulert av lova, oppfylle krava i lova og eventuelle tilhøyrande forskriftsreglar frå og med 1. juli 2016, og sende søknad om godkjenning innan same dato. Departementet har i dag bedt Finanstilsynet om å utarbeide utkast til utfyllande forskriftsreglar med heimel i lova § 4 innan 15. mars 2016, sjå brevet her.

Lova om endringar i fleire lovar på finansmarknadsområdet trer i kraft 1. januar 2016, med unntak av lova del VI (endring i finansavtalelova § 9 tredje ledd) som trer i kraft straks, og lova del XII §§ 6-10 og 6-11 som trer i kraft 1. juli 2016. 

 

Les meir: