Historisk arkiv

Samferdselsbudsjettet 2019

Reformer og ny teknologi skal gi betre reisekvardagar og meir veg, bane og breiband for pengane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Vi byggjer landet. Det er eitt av regjeringas hovudmål. Betre infrastruktur styrkjer næringslivets konkurranse, og gir ein enklare kvardag for folk flest. Vi har også tidlegare hatt mange planar for betre infrastruktur i Norge, men det har skorta på gjennomføringa. Ting har blitt gjort stykkevis og delt. Vi endrar på det. Mellom anna med fleire reformer i samferdselssektoren. Dette held vi fram med også i 2019, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Meir veg for pengane

– Vi skal få meir veg for pengane. Det får vi mellom anna med vegselskapet Nye Veier AS som har fått ei oppstartsportefølje av lengre strekningar dei skal bygge ut og ei føreseieleg finansiering. Selskapet vurderer at kostnadane kan reduserast med om lag 20 prosent, noko som bidreg til at utbygginga av oppstartsportefølja kan bli gjennomført mykje raskare. Utbyggingstida for oppstartsportefølja var opphaveleg sett til 20 år medan Nye Veier AS no legg opp til å ha bygd ut dei fleste prosjekta i løpet av 12-13 år. Ei raskare utbygging av viktige vegstrekningar og meir firefelts motorveg bidrar til ein enklare kvardag for folk flest, og reduserer dei alvorlegaste trafikkuhella, seier Dale.

Statens vegvesen har sett i verk tiltak som skal styrke kostnadskontrollen i alle fasar av prosjekta. Også innanfor Statens vegvesen har det over tid vore ei utvikling mot meir samanhengande utbygging.

– Denne utviklinga skal halde fram, slik at vi får meir for pengane også frå vår største vegbyggar, seier Dale.

Som ein del av regionreforma har regjeringa konkludert med at heile den delen av sams vegadministrasjon som gjeld fylkesvegane skal overførast til fylkeskommunane. Overføringa gjeld oppgåver knytte til utgreiing, planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av fylkesveg.  

– Ei overføring av administreringa av fylkesvegane gir fylka moglegheiter for å styrke deira rolle som samfunnsutviklar. Det vil gje klarare rapporteringslinjer og betre samhandling mellom fag og politikk på regionalt folkevald nivå. Dette er også noko fylka sjølv ønsker, seier Dale.

Det skal bli enklare for vegtrafikantane å få løyst fleire oppgåver digitalt, utan fysisk oppmøte på trafikkstasjon.

– Vi skal gjennomføre ei reform også på trafikant- og køyretøyområdet der føremålet er betre, enklare og meir tilgjengelege tenester for brukarane, mellom annan knytt til førarkort og registrering og kontroll av køyretøy.

Arbeidet med jernbanereform fortsetter

– Vi omorganiserer sektoren slik at vi får meir jernbane for pengane, og slik at jernbanen skal få ein større plass som  effektiv og miljøvenleg transport av personar og gods, seier Dale.

Dei strukturelle endringane er allereie gjennomført, og arbeidet med konkurranseutsetting av persontogtrafikken er i gang. Samferdselsdepartementet skal fortsatt ha hovudansvaret for å setje dei langsiktige måla og den strategiske retninga, fastsette rammevilkår og ha overordna myndigheit for lov- og forskriftsregulering.

– Det er avgjerande å no hente ut gevinstane av jernbanereformen, og det følgjer i særlig grad Samferdselsdepartementet, Jernbanedirektoratet og Bane NOR opp, seier Dale.

Regjeringa har utarbeidd ein overordna gevinstrealiseringsplan for jernbanereforma. I planen er det lagt opp til at reforma vil realisere ein netto samla gevinst på 3,1 milliardar kroner fram mot 2025. Planen tek utgangspunkt i løyvingsnivået til jernbana i 2018 og byggeprosjekt som har starta opp per 2018. Isolert sett inneber gevinstane meir jernbane for pengane. Det er ei rekkje føresetnader som ligg til grunn for at jernbanereforma skal lukkast og at gevinstar kan hentast ut. Gevinstrealiseringsplanen viser samstundes at gevinstane i stor grad kan overstige kostnadane ved jernbanereforma.

 Enklare og meir effektiv utbygging av breiband

– Verda står midt oppi ein digital revolusjon som fordrar at folk har tilgang til internett og får vere med på utviklinga. Det skaper arbeidsplassar, reduserer kostnadar og bidrar til ein enklare kvardag. I budsjettet for 2019 foreslår vi pengar til satsing på forenkla fiberutbygging, seier Dale.

Forenkla fiberutbygging inneber at informasjon om fibertrasear blir gjort tilgjengeleg for utbyggarane. Det vil bli etablert ei teneste hos Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit som bidrar til at tilbydarane som vil leggje ny fiber eller leige fiberkapasitet frå andre tilbydarar får kjennskap til eksisterande fibertrasear. Slik kan dei velje nye, alternative føringsvegar som mellom anna sikrar auka tryggleik og eit meir robust nett.

– Vi tek i tillegg sikte på å legge fram breibandsutbyggingslova for Stortinget. Dette skal bidra til lågare kostnader ved etablering av høghastighetsnett. Dermed vil vi kunne få til meir utbygging av høghastigheitsbreiband i heile landet, og på den måten sikrar vi at alle er med på den digitale samfunnsutviklinga, seier Dale.

82 prosent av norske husstandane har tilbod om høghastigheits breiband i dag, mot 63 prosent i 2013.

– Regjeringas marknadsbaserte breibandspolitikk er vellykka, seier samferdselsministeren.

Ny og smartare teknologi gir folk ein betre reisekvardag

Regjeringa har i Nasjonal transportplan lagt stor vekt på at teknologi og intelligente transportsystem er ein del av framtidas transportinfrastruktur.

– For å nå måla i transportpolitikken, er det viktig å ta i bruk ny teknologi som trygger, effektiviserer og forenklar reisekvardagen folk flest og næringsliv, seier samferdselsministeren.

Regjeringa aukar satsinga på Pilot-T med 10 millionar kroner, til 38,7 millionar kroner. Pilot-T skal bidra til at nye løysingar raskare vert tekne i bruk i transportsektoren og at norske aktørar kan være med i konkurransen om å levere ny teknologi for transportsektoren. Det er Innovasjon Norge som forvaltar midlane til Pilot-T. I 2018 resulterte satsinga i tre innovasjonspartnarskap, der offentlege verksemder innanfor samferdselssektoren har gått saman med næringslivet for å utvikle nye løysingar.

– Norge skal vere eit føregangsland i å ta i bruk nye digitale løysingar i alle deler av samfunnet. For å sikre best mogleg at vi satsar på rett teknologi, har regjeringa mellom anna sett ned eit ekspertutval som skal sjå på kva rolle ny teknologi vil kunne spele i framtidas transportinfrastruktur, seier Dale.

Det er også foreslått 15,4 millionar kroner til vinnarane av konkurransen Smartere transport, som fremjar utviklinga av framtidsretta transportløysingar i samarbeid mellom fylkeskommunar, bykommunar og offentlege eller private aktørar. Løyvinga kjem i tillegg til 15 millionar kroner som vert løyvt i år. Totalt skal det løyvast 100 millionar kroner til vinnarane.

– Interessa for konkurransen om Smartere transport og Pilot-T viser at både næringsliv, innovasjonsmiljø og offentlege aktørar no deler ei sterk tru på at moderne teknologi, smarte løysingar og samhandling er ein effektiv drivkraft for den utviklinga vi ønskjer. Vi vil bruke teknologi til å skape eit moderne transport- og kommunikasjonssystem som er sikkert, fremjar verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppsamfunnet, seier Dale.