Regionalnytt 5 2016

Nyheitsbrev | Dato: 01.09.2016

Ny frist - Tilskot til forsøk for å forenkle utmarksforvaltinga

Fristen for å søke er forlenga til 15.oktober 2016.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har lyst ut midlar for kommunar som ønskjer å sette i verk tiltak for å forenkle utmarkforvaltninga. Dette er første år av ei femårig satsing. Det er lyst ut 3 millionar kroner.


Viktig haust for regional kompetansepolitikk

Regionane ser ut til å kunne få meir innverknad på kompetansepolitikken framover. Det var signala frå to viktige møte for framtidas kompetansepolitikk.


Vil fylle sentrum med liv

Tromsø, Arendal og Lærdal er pilotar i prosjektet «Levende lokaler». Fram til 2018 skal dei tre kommunane teste ulike tiltak for å fylle tomme lokaler og sikre meir liv i sentrum

 


Trippel effekt av velferdsteknologi

Den norske helsenæringa er lita og ung, men til gjengjeld svært ambisiøs og internasjonal. Innovasjon Noreg peikar på nokre heilt sentrale grep politikarar og styresmakter kan gjere for å hjelpe bedriftene med å lykkast.


Europapolitisk forum til Kirkenes i haust

Europapolitisk forum blir arrangert i Kirkenes 22.-23. september. Der møter lokale og regionale folkevalte statssekretærar for å diskutere viktige tema i den europapolitiske dialogen mellom forvaltningsnivåa.


Circular Ocean i RegioStars-finalen

Interreg NPA-prosjektet Circular Ocean skal gjere marint avfall, ei av dei største utfordringane i havområda våre, til ein ressurs for bedrifter og lokalsamfunn langs kysten. No er prosjektet nominert som ein av finalistane i RegioStars Award 2016. NTNU er norsk prosjektpartnar.


Nye rapportar


Kva skjer


Les heile nyheitsbrevet