Historisk arkiv

Regionalt nordområdeforum møtes i Tromsø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Torsdag 21. september er statssekretærane Grete Ellingsen og Anne Karin Olli frå Kommunal – og moderniseringsdepartement, Marit Berger Røsland frå Utanriksdepartementet og Bjørn Haugstad frå Kunnskapsdepartementet i Tromsø for å delta på de tredje møtet i Regionalt nordområdeforum.

Regionalt nordområdeforum er eit av regjeringas tiltak for å leggje til rette for ein systematisk dialog mellom regjeringa, dei tre nordlegaste fylkeskommunane og Sametinget.


Regjeringa har som mål at Nord-Noreg skal bli en av landets mest skapande og bærekraftige landsdelar. Regjeringens nordområdestrategi blei lagt fram i vår. No skal tiltaka følgjes opp, i samråd med fylkeskommunane og Sametinget.
 
Tre tiltaksområder blir løfta opp til diskusjon i dette møtet i Regionalt nordområdeforum:  Internasjonalt samarbeid, utdanning og næringsverksemd i nord. Nordområdestrategien set i større grad enn tidlegare utanriks- og innanrikspolitikk i samanheng. Oppfølging av tiltaka i strategien forutsett eit effektivt samarbeid mellom sektorar og forvaltingsnivå.
 
I ein landsdel rik på naturressursar, men med mangel på arbeidskraft, ynsker regjeringa å leggje til rette for at bedriftene klatrar i verdikjedene. I praksis betyr det å byggje meir kompetanse inn i produkta, slik at verdiskapinga blir større. Etter møtet i forumet skal deltakarane difor besøke Nordic Pharma Inc. Eit produksjonsselskap for marine oljer og ein del av den marine næringsklynga Biotech Nord i Tromsø.


Pressa er invitert til å delta på bedriftsbesøket. På besøket vil vi høyre meir om korleis dei sikrar god råvaretilgang frå mellom anna Vesterålen, korleis dei arbeidar for å få tilgang på arbeidskraft og kompetanse og kva for rammer dei treng for å kunne satse vidare.
 
Tid: kl 14.45-16.00 (Møte med presse kl 14.45-15.05, omvising kl 15.05-16.00)
Stad: Nordic Pharma Inc AS, Ropnesveien 71, 9107 Kaldfjord 

 

Politisk   deltaking på Regionalt nordområdeforum:

Statssekretær Grete Ellingsen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Statssekretær Anne Karin Olli

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Statssekretær Marit Berger Røsland

Utenriksdepartementet

Statssekretær Bjørn Haugstad

Kunnskapsdepartementet

Sametingspresident Vibeke Larsen

Sametinget

Sametingsråd Mariann Wollmann-Magga

Sametinget

Fylkesråd for utdanning Hild Marit Jacobsen

Nordland fylkeskommune

Politisk rådgiver Andreas Flåm

Nordland fylkeskommune

Fylkesrådsleder Willy Ørnebakk

Troms fylkeskommune

Fylkesråd  for utdanning Roar Sollied

Troms fylkeskommune

Fylkesvaraordfører Ragnhild Vassvik

Finnmark fylkeskommune

Pressekontaktar i departementa

Avdelingsdirektør Vincent Fleischer, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, mobil 41566414, vincent.fleischer@kmd.dep.no

Kommunikasjonsrådgjevar Marte Lerberg Kopstad, Utenriksdepartementet, marte.kopstad@mfa.no.