Regionreform – forslag til ny fylkesinndeling

Stortinget har vedteke at det framleis skal vere tre folkevalde nivå. – Regjeringa ønskjer ei fylkesinndeling som er betre tilpassa dei samfunnsutfordringane vi står overfor, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Vi har om lag dei same fylka i dag som for 150 år sidan.
– Større og meir funksjonelle fylkeskommunar vil styrkje både lokaldemokratiet og vekstkrafta, seier statsråd Sanner. Det legg grunnlag for betre samarbeid med andre regionale aktørar og ei styrka samfunnsutvikling.

Kommunal- og moderniseringsministeren legg i dag fram proposisjon med forslag til ny inndeling av regionalt folkevalt nivå. Samarbeidspartia i Stortinget inngjekk 22. februar avtale om regionreform og ny fylkesinndeling. I tråd med avtalen, foreslår regjeringa følgjande samanslåingar:

  • Hordaland og Sogn og Fjordane
  • Aust-Agder og Vest-Agder
  • Vestfold og Telemark
  • Oppland og Hedmark
  • Buskerud, Akershus og Østfold

Vidare foreslår regjeringa at Rogaland, Møre og Romsdal og Oslo blir vidareført som i dag, i tråd med avtalen. I hovudstadsområdet vil regjeringa greie ut om etablering av eit hovedstadsråd, der også dei store kommunane rundt Oslo deltek, vil bidra til eit meir effektivt arbeid med areal og transport i Osloregionen.  

I avtalen om regionreform blir regjeringa bedne om å gjennomføre ein eigen prosess der det blir brukt litt tid på å finne inndeling i Nord-Noreg for å få til eitt eller to fylke. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har allereie invitert fylkeskommunane i nord til eit møte om korleis arbeidet med samanslåing til eitt eller to fylke i Nord-Noreg kan organiserast.

Medan det nye Trøndelagsfylket vil tre i kraft frå 1. januar 2018, vil øvrige endringar i fylkesinndelinga inkludert Nord-Norge tre i kraft frå 1. januar 2020.

Av 38 statlege etatar er det valdt 36 ulike regionale inndelingar. Regjeringa varslar nå ein gjennomgang av statens regionale strukturar.

– Dei ulike delene av forvaltinga må fungere godt saman. Når kommunar og fylke endrar grenser er det naturleg at staten også følgjer opp. Vi har starta med ny inndeling av fylkesmannsembeta, og vil nå gå gjennom andre statlege verksemder, seier Sanner.

Fylkeskommunane får nye oppgåver

I proposisjonen som i dag vert lagt fram, blir også nye oppgåver og ansvar til fylkeskommunane presentert. Dette omfattar mellom anna ansvar for kjøp av innanlandske flyruter, tilskot til private lufthamner, ansvar for statlege fiskerihamneanlegg, tilskotsmidlar innan landbruket, midlar til kultur, fleire friluftsoppgåver og kulturminneoppgåver. Med denne reforma ynskjer regjeringa også å styrkje regional planlegging som verkemiddel for utvikling av regionale fortrinn – blant anna ved eit styrka samarbeid med staten og å sjå sektorar betre i samanheng.  

– Hensikten med regionreforma er å styrkje fylkeskommunane som regionale samfunnsutviklarar. Nye oppgåver og meir forpliktande regional planlegging vil bidra til dette, seier Sanner.

Ny fylkesinndeling gir innsparingar

Det er ein klar samanheng mellom innbyggjartal og administrasjonskostnader i fylkeskommunane.

– Det er eit vesentleg potensial for innsparing i administrasjonsutgiftene, som gjer at fylkeskommunane kan bruke meir av pengane på gode tenester til innbyggjarane, seier statsråd Sanner.

Eit forsiktig overslag syner at dei samla administrasjonsutgiftene i fylkeskommunane (utanom Oslo) vil kunne bli redusert med i overkant av 11 prosent. Dette utgjer om lag 340 millionar kroner årleg.

– Strukturendringa frigjer midlar til tenester og utviklingsretta innsats i fylka, understrekar Sanner.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00