Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Register over aksjeeigarar

Regjeringa vil løyve 20 millionar kroner til eit rettshavarregister for å motverka kvitvasking og terrorfinansiering.

– Vi må hindre at det finansielle systemet vårt vert utnytta for kriminelle formål. Kvitvasking og terrorfinansiering skader det økonomiske systemet og samfunnet, det avlar annan kriminalitet, minkar statens skatteinntekter og førar til konkurransevriding. Derfor er motverking og førebygging av kvitvasking viktig i arbeidet mot økonomisk og organisert kriminalitet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa arbeider med å førebygge økonomisk og organisert kriminalitet. Registeret er eit ledd i dette arbeidet.

Formålet med registeret er å innhente, registrere, lagre og gje innsyn i opplysningar om reelle rettshavarar. Tillit er eit viktig konkurransefortrinn for norske bedrifter. Fleire opne opplysningar bidrar til å styrke konkurransesituasjonen for lovlydige bedrifter, og til auka tillit. Registeret vil blant anna bidra til fleire opne opplysningar om aksjeeigarar.

Til toppen